tirsdag 29. januar 2013
Seniorturar
Det er ingen som reiser så mykje i dag som pensjonistar. Dei har betre tid til slikt enn dei fleste, og dei har i praksis også betre råd. Norske pensjonistar reiser over heile verda, og om du tar eit ferieopphald på Kanariøyane om vinteren, høyrer du norsk tale over alt. Dei fleste reiser nok kvar for seg, som oftast i par, men det er også mange som reiser på organiserte turar. Dei kan planleggje slike turar på eiga hand, eller dei kan melde seg på gruppereiser med kommersielle aktørar. Høgskolen i Bergen har organisert mange reiser på eiga hand, men med hjelp av profesjonelle reiseleiarar. Det er ein framifrå måte å bli kjend med seniorar frå eigen arbeidsstad. No blir ei ny reise planlagd til Portugal. Det skal bli spennande!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ja, kom igjen. Reis mens du har dine beste år.
SvarSlettMen, tenk på all forurensinga! Lange flyturar gir uhorvelege menger CO2 i atmosfæren!
SlettFeil!Flya går jo uansett!
Slett