tirsdag 29. januar 2013

Turar i seniorlaget

Seniorlaget har organisert fleire lange turar til utlandet dei seinare åra, sist til Dubrovnik, med avstikkarar til Mostar og Budva. Fotoet er frå Dubrovnik.
 
Andre turar har gått til Tyrol, Toscana, Catalonia med Barcelona og Montserrat, og vi har hatt cruise på Rhinen frå Basel til Amsterdam.

 
Dette er den berømte brua i Firenze og utsikt over Nice og hamna i framgrunnen.
 
 


Aktivitet

Seniorar har like godt av å vere i aktivitet som andre menneske, både mentalt og fysisk. Ikkje minst er det viktig å ha eit godt sosialt liv, og å bli utfordra på felt der ein kanskje ikkje alltid har vore så aktiv. Det er no vi har tida til det, og den kjem ikkje tilbake.

Seniorturar

Det er ingen som reiser så mykje i dag som pensjonistar. Dei har betre tid til slikt enn dei fleste, og dei har i praksis også betre råd. Norske pensjonistar reiser over heile verda, og om du tar eit ferieopphald på Kanariøyane om vinteren, høyrer du norsk tale over alt. Dei fleste reiser nok kvar for seg, som oftast i par, men det er også mange som reiser på organiserte turar. Dei kan planleggje slike turar på eiga hand, eller dei kan melde seg på gruppereiser med kommersielle aktørar. Høgskolen i Bergen har organisert mange reiser på eiga hand, men med hjelp av profesjonelle reiseleiarar. Det er ein framifrå måte å bli kjend med seniorar frå eigen arbeidsstad. No blir ei ny reise planlagd til Portugal. Det skal bli spennande!

Å vere senior

Ja, så er vi i gang. Seniorliv, ja, det er noko som er ukjend for alle andre enn seniorar. Når ein er i posisjon, trur ein alltid at ein veit mange ting om det å vere senior, og anna sjølvsagt som ein ikkje er. Det er først når ein er senior at ein skjønar at som junior hadde du altfor høge tankar om deg sjølv, og spesielt om det du enno ikkje har opplevd. Som senior blir du sett kraftig på plass, og du forstår at du har tatt feil i mangt og mykje, og du vil derfor truleg også finne det klokast å ikkje leggje deg så mykje opp i ting som du eingong gjorde: det er først no du forstår at synsvinkelen var altfor snever. Men det finst dessverre ingen ting anna enn alderdommen som kan stoppe kjeften på dei som i yngre år trudde dei visste alt om alt. Ha, ha.
Ja, ja, nok om det. Sjølv om ein er gammal og vis, kan ein stadig bli både eldre og visare. Det er ikkje til å kome forbi at verda no endrar seg bort frå det tilvande som vi eldre har vakse opp med, arbeidd i, og vendt oss til gjennom eit langt liv. Vi har alt gjennomlevd store endringar. Og vi treng å venne oss til det mediet du no brukar.
No er det viktig for alle oss seniorar å vere klare over at vi er svært interessante for alle slag ulike interessegrupper, spesielt for dei som prøver å gjere oss til deira levebrød. Helst bør vi prøve å styre vår eigen kvardag. Og det greier vi nok, rike som vi trass alt er. Men litt hjelp kan vel vere greitt nok? Eg skal derfor leggje inn tre lenker som vi kanskje kan ha glede og nytte av. Den første er norsk, og den er viktig for alt som vedkjem pensjonistar i Norge, dvs. det er pensjonistforbundet sine nettsider: http://www.pensjonistforbundet.no/. Den neste er eg usikker på, sjølv om den synest å vere litt interessant for folk som skal venne seg til databruk: http://www.seniornett.no/. Og sjølv om den neste er dansk, kan dei mange lenkene der kanskje vere nyttig også for norske seniorar?  Sjå henne her: http://www.seniorlivet.dk/