Ja, så er vi i gang. Seniorliv, ja, det er noko som er ukjend for alle andre enn seniorar. Når ein er i posisjon, trur ein alltid at ein veit mange ting om det å vere senior, og anna sjølvsagt som ein ikkje er. Det er først når ein er senior at ein skjønar at som junior hadde du altfor høge tankar om deg sjølv, og spesielt om det du enno ikkje har opplevd. Som senior blir du sett kraftig på plass, og du forstår at du har tatt feil i mangt og mykje, og du vil derfor truleg også finne det klokast å ikkje leggje deg så mykje opp i ting som du eingong gjorde: det er først no du forstår at synsvinkelen var altfor snever. Men det finst dessverre ingen ting anna enn alderdommen som kan stoppe kjeften på dei som i yngre år trudde dei visste alt om alt. Ha, ha.
Ja, ja, nok om det. Sjølv om ein er gammal og vis, kan ein stadig bli både eldre og visare. Det er ikkje til å kome forbi at verda no endrar seg bort frå det tilvande som vi eldre har vakse opp med, arbeidd i, og vendt oss til gjennom eit langt liv. Vi har alt gjennomlevd store endringar. Og vi treng å venne oss til det mediet du no brukar.
No er det viktig for alle oss seniorar å vere klare over at vi er svært interessante for alle slag ulike interessegrupper, spesielt for dei som prøver å gjere oss til deira levebrød. Helst bør vi prøve å styre vår eigen kvardag. Og det greier vi nok, rike som vi trass alt er. Men litt hjelp kan vel vere greitt nok? Eg skal derfor leggje inn tre lenker som vi kanskje kan ha glede og nytte av. Den første er norsk, og den er viktig for alt som vedkjem pensjonistar i Norge, dvs. det er pensjonistforbundet sine nettsider:
http://www.pensjonistforbundet.no/. Den neste er eg usikker på, sjølv om den synest å vere litt interessant for folk som skal venne seg til databruk:
http://www.seniornett.no/. Og sjølv om den neste er dansk, kan dei mange lenkene der kanskje vere nyttig også for norske seniorar? Sjå henne her:
http://www.seniorlivet.dk/ .